Strikkekafe
12 damer tok turen på strikkekafe på Garnsenteret 2. september Me hadde hekling som tema denne kvelden. Fleire starta å hekla mobilveske, nokon hekla oldemorsruter og ei dreiv på med forklebord. Og ein del heldt seg til strikketøyet. Nett slik det skal vera med god variasjon i arbeida Litt handel vart det og. Astrid Bidne hadde baka kanelbollar og havrekjeks så det vart litt å bita i.
Takk til Liv Marion og Anita for ein triveleg kveld