Vårtur
Laurdag 1. juni var det tid for vårtur. Me møttest ved Omsorgstunet på Oppheim og køyrde E16 til Dale der me stoppa på Dale outlet & cafe. Der tok me ein runde og nokre av oss handla litt. Så var det tid for kaffiog te og ein del av oss skeia skikkeleg ut med eplekake med softis
Så sette me kursen mot Bergsdalen, me tok ein liten stopp ved kyrkja før me svinga inn til Bergsdalstunet.
Olaug stod på tunet og ynskte oss velkomne
Det var litt kjølig ute så det var greit å trekka innandørs og sjå på kor fint dei har restaurert den gamle floren - mykje godt arbeid nedlagt der
Me hadde bestilt trerettars middag, og den skuffa ikkje
Sylta aure var det ingen som hadde smaka før, den var fantastisk god. Hovudretten var kalvegryta med steinovnsbakte poteter og rotgrønnsaker. Og det heile vart avslutta med sviskegraut med fløytemjølk - og strøsukker for dei som ville ha litt knas
Heimturen gjekk over Hamlagrø.
Takk til dei stødige sjåførane: Ragnhild, Gerd Ingrid og Anna Torhild