Årsmøte i Stord bygdekvinnelag
På Leirvik 27. oktober 2020
Tysdag hadde Stord bygdekvinnelag sitt 90. årsmøte. I god avstand, med spritflaska i nærleiken vart årsmøtet avvikla i Røde Kors sine lokale på Leirvik. Stord husflidslag opna med eit foredrag om prosjektet deira Fikselauget. Å fikse og redesigne klede og utstyr slik at det varer lengre, sparar miljøet og er både sosialt og kjekt for unge og gamle. Positivt når dei eldre kan dele av sin handtverkskunnskap til dei yngre, men og vise versa.. Nye motar når det gjeld å kjøpe mindre, fikse på det ein allereie har, og vere bevisst sine kjøp er i vinden som aldri før.. Eit interessant føredrag, der eit gryande samarbeid med husflidslaget er i gang..
Deretter var det vanlege årsmøtesaker og val, der Sissel Bjelland gikk ut av styret etter lang og tru teneste gjennom over 20 år. Ho har være medlem i over 30 år i laget.. Sissel har hatt dei fleste verva i styret, dei siste 8 åra har ho hatt kasserarjobben, noko ho har meistra med stø hand. Vel fortent fekk Sissel ein fin tale, kort og blomar frå leiar Marit-Anne for det flotte arbeidet ho har lagt ned i styrearbeidet i laget.
Det nye styret består no av
leiar Marit-Anne Heimvik
nestleiar Hilde Domben
skrivar Berit Bergsvåg
kasserar Mariann Helseth
styremedlem og studieansvarleg Peggy Bærøy
1.vara og nettsideansvarleg Guro Kristi Holmberg
2.vara Kjersti Søvde
3.vara Aud-Britt Eide
Arbeidsplanen for året 2020/2021 er verving, kurs, lesering og organisasjonsskulen.
Etter årsmøtet var det idédugnad til årsplan 2020/2021. Leiaren kom med mange gode forslag som styret skal jobba videre med. Det var og mataktøkt og loddsal med mange fine vinstar.