Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Foto Caroline M F

Guri Hjeltnes

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Foto Caroline M F

Takk til Guri!

Foto Caroline M F

Stemorsblomster. Gave fra Hjeltnes Gartneti på Viknes

Foto  ukjent

Diktet "Dans dotter mi" av Bente Bratlund Mæland

Foto KMHU

Flott ostebord

Møte 9.mars med Guri Hjeltnes


Markering av kvinnedagen-ein dag etter. Guri Hjeltnes fortalde om jobben sin ved "Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter".

Fredag 9.mars hadde Ulvik Bygdekvinnelag markering av kvinnedagen-ein dag etter!  Vi hadde møtet i matsalen på ungdomshuset Elvatun, og det var 31 flotte kvinner som kom. Styret hadde pynta og dekka fint langbord.

Leiar ønska velkommen, og las diktet "Dans dotter mi"  av Bente Bratlund Mæland. 

Guri Hjeltnes fekk ordet. Ho fortalde om jobben sin som direktør ved HL-senteret, "Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter", om bakgrunnen for at senteret vart oppretta, og om sjølve bygninga senteret er i. Ho fortalde historiar om jødiske familiar og einslege barn på flukt. Om kvinner som hjalp og som skjulte barn frå den jødiske barneheimen i Oslo, og hindra at dei vart deportert. Ho snakka om antisemittisme, og om viktigheita av informasjon og åpenheit. Til slutt lot ho oss få eit lite innblikk i livet til Ruth Maier, ein jødisk gymnasiast frå Wien. Ho kom til Norge i 1939, vart teken i den store jødeaksjonen i november 1942 og sendt til Auschwitz. Ho døydde der 1.desember 1942.

Guri er ei svært engasjert kvinne, med sterke røtter i Ulvik. Ho er professor, historikar og journalist og har skrive fleire bøker. TUSEN TAKK GURI! Du var god å høyre på!

Så var det tid for ost og kjeks, og ei koselig pratestund.