Nye jonsokbrurebunader. Foto Anne-Marie Øydvin
Nye jonsokbrurebunader. Foto Anne-Marie Øydvin

Jonsokbryllaup

Jonsokbrurebunadsnemnda i Ulvik Bygdekvinnelag lagar til jonsokbrudlaup kvart år.

Uttdrag frå nemnda sin rapport frå 2019:

Tradisjonen tru var det elevar i 1.klasse som fekk æra av å vera jonsokbrurer, brudgommar, skautakoner, brurejenter og brurleiarar og me opplevde at dei hadde ei mykje større forståing for kva dette innebar og kva dei skulle gjera etter å ha fått ei innføring i tradisjonen i musikktimane på skulen. 

Sjølve Jonsokbryllaupet fann stad sundag 23.juni, med start på Sjukeheimen og matøkt og dans på Elvatun. På Sjukeheimen framførde dei og nokon av dei songane dei hadde lært gjennom undervisninga dei hadde fått i skuletida, før dei gjekk i tog til Elvatun. Spelemenn var Lina Sævartveit og Michelle Johnsen. Her fekk dei den vanlege serveringa med pølser, kaker, is og saft før det vart dans til feletonane frå Lina og Michelle. Pynting, kakebaking og servering var det og tradisjonen tru – foreldra til 1.klassingane som stod for.

Ein god del andre born, foreldre, besteforeldre samt nokre turistar hadde og funne vegen til Elvatun denne ettermiddagen, og tilbakemeldingane var at «dette var kjekt».

 

Restaurering/sying av nye bunadar

Nemnda søkte Sparebankstiftinga Hardanger om midlar til å sy to nye jonsokbrurebunader, og ved 2. gongs søknad vart me tildelte kr 20 000 til dette arbeidet. Ulvik Bygdekvinnelag forskotterte midlane slik at me hadde midlar til å handle inn stoff og anna material for. Vinteren 2018-2019 vart brukt til å sy to nye stakkar og 2 nye trøyer som vart tekne i bruk til Jonsok 2019. Neste oppgåve no er å vøla krunene slik at desse vert i best mogleg stand, ved m.a. å lage litt ny pynt og skifte ut ein del band og «sylvpynt. Vidare har me ein plan om å få sydd tre vestar i ulik storleik av det raude ullstoffet som me fekk til overs slik at brudgomane kan få låne desse om dei ikkje har bunad/vest sjølv.

 

28.

des

Ulvik Bygdekvinnelag
Bli medlem