Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Kjekk samling på Valldal Fjordhotell

Kjekk samling på Valldal Fjordhotell

Bjørg ønskte velkommen til ein fin bukett damer!

Bjørg ønskte velkommen til ein fin bukett damer!

John Kristian Sundklakk orienterte om drifta no og om nysatsinga med nybygg.

John Kristian Sundklakk orienterte om drifta no og om nysatsinga med nybygg.

Vi fekk sjå dei flotte naturbilda i gangane.

Vi fekk sjå dei flotte naturbilda i gangane.

På romma er det store, flotte svart/kvittbilde frå eldre tider.

På romma er det store, flotte svart/kvittbilde frå eldre tider.

Nydelege vaflar med rørt jordbærsyltetøy smakte godt.

Nydelege vaflar med rørt jordbærsyltetøy smakte godt.

Takk til John Kristian!

Takk til John Kristian!

Slik blir det sett frå vegen. Gravinga er i gang!

Slik blir det sett frå vegen. Gravinga er i gang!

Bygdekvinnekveld på Valldal Fjordhotell

Bygdekvinnekveld på Valldal Fjordhotell 2.september 2025

Første møte denne hausten møttest vi på Valldal Fjordhotell.
Vi vart godt mottekne av John Kristian Sundklakk som fortalde om hotellet si drift og
utbygginga som no er godt i gang.
Hotellet ønskjer å ha eit lokalt særpreg og er inspirert av historie, omgjevnadar og det
naturen har å tilby. Dei nyttar råvarer frå lokale produsentar som er med på å gjere
opphaldet til ei unik oppleving.
Bilete med motiv frå hendingar og personar i tilknytting til bygdene skaper ei spesiell
atmosfære. Vi vart også vist korleis romma i dag er innreidd og kva som er tenkt ved
utbygginga. Til våren 2026 skal 16 nye rom vere klare til bruk, herav 5 med litt større
storleik, med suite-preg. I tillegg vert det stort møtelokale/festlokale som kan romme 80
gjestar. Noko som heilt sikkert vil vere ettertrakta både for seminar og andre arrangement.
Imponerande satsing!
Etter orienteringa var det tid for servering; Kaffi/te og vaflar med valldalsjordbær og rømme.
På programmet var det orientert om nytt frå styret samt evaluering frå olsokarrangementet.
 Mette NV viste eit førebels oppsett over aktivitetsplan for hausten 2025. Litt
justering blir gjort før den blir sendt til medlemmane.
 Nelly orienterte om evaluering av olsok frå matkomiteen. Nokre erfaringar som er
verd å ta med seg til neste år. Overskot av arrangementet til laget ser ut om lag som
førre år.
 Bygdebrunsj. Tenkt tillaga for bygdefolket på klubbhuset ein søndag i haust, dato
ikkje endeleg fastsett før ein får sjekka når huset er ledig. Bjørg hadde sett opp ei liste
der medlemmane kunne notere kva dei kunne bidra med.
 Info om «Prosjekt Skulekjøkken». Ulike avklaringar trengs i høve korleis laget sitt
bidrag skal gjevast, mm.
 Sæterboka. Styret har bestemt at boka skal koste kr 200 i utsal til private eller butikk.
Den har blitt seld ut frå butikk for kr 350 tidlegare. Heretter vert prisen kr 250.
 Ingen utsendingar frå VBK til distriktssamlinga i Valsøyfjorden i år.
Bjørg las ord til ettertanke som avslutning, og vi takkar for ein triveleg kveld på hotellet!

Magnhild - skrivar