Kviss
Onsdag 2. april hadde vi ny Kviss på biblioteket. Godt frammøte, ca 20 godt førebudde personar som fordelte seg på 4 bord. Denne gongen var det Kjell Rønning som hadde første kategorien, han spela munnspel og knytta spørsmåla sine til musikken. Det vart mange og varierte spørsmål, så vi fekk bruke dei små, grå!
Eva Hilde hadde også ein kategori, og ho minte om at 7. mai blir siste kviss før sommaren.
Takk til Kjell og Eva Hilde, og dei som hjelpte Bjørg med rydding.
Fotografen gløymde heilt at jobben var å fotografere!