Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Syng med oss

Syng med oss på Valldal sjukeheim, tysdag 19.november. - Denne gongen var vi på arbeidsstova, der var det godt å vere, og Carolin slapp å flytte pianoet!

Betjeninga hjelpte til med å flytte stolar slik det vart plass til rullestolar også, så då vart det triveleg. Linda hadde plukka ut fine salmar og songar, og Carolin spela eit stykke av Schubert. Det var ein fin liten gjeng av bebuarar som såg ut til å kose seg med songen, - yndlingssongen var La oss leve for kvarandre, eller kanskje Du skal få en dag i mårra?

Vi var så heldige at vi fekk med heile 8 forsangarar, så stor takk til May, Vigdis, Liv, Vesla, Else, Judith, Virginia,-  og Linda som leidde oss trygt gjennom programmet. Og sjølvsagt stor takk til Carolin!

Neste gong blir det julesongar, så kom og bli med på Syng med oss tysdag, 3. desember.