Varmt måltid i barnehagen.
Varmt måltid i barnehagen.
VBK har saman med FAU i Syltebøen Barnehage planlagt varm måltid i barnehagen. Vi har hatt 2 planleggingsmøte om dette. Det er fram til jul planlagt ein torsdag kvar 14. dag. Dei eldste i barnehagen skal vere med i aktiviteten saman med tilsette og frivillige. Det var avtale at VBK og FAU skulle ha ein frivillig der, avtaler frå gong til gong om det treng vere 1 eller 2 frivillige, alt etter kva dei skal lage. VBK laga også eit forslag til ein meny som dei tilsette kan bruke viss dei vil. Det er dei som handlar inn og er matkontakt.
Første gong var 26,sept då var Bjørg der frå VBK. Då hadde dei på førehand vore på gardsbesøk og handla inn grønsaker. Den dagen var det grønsaksuppe. Torsdag 10.okt var menyen omnsteikt laks, poteter og grønsaker Då var eg der. Arbeidet gjekk med liv og lyst. Skrelling av poteter var eit litt vanskeleg arbeid, men dei la mykje energi i det og fekk det til. Alle smakte laksen og mange åt veldig godt.
Med helsing
Solveig Linge Stakkestad