Hopp til hovedinnhold

Vats Bygdekvinnelag

Sonemøte

Etter lang tid i pandemi og avlyste arrangementer, kunne me endeleg fyre i gang eit heidundrande sonemøte for laga i sone 5. Den 23.mars kl. 19:00 sto dørene på Nesheimstunet opne. Og bygdekvinnene strøymde te. Rundt om 60 stk flotte bygdekvinner, ikkje verst!

Kristin hadde skribla ned programmet og hadde eit kjapt infomøte med styret korleis programmet for kvelden såg ut. Menyen var inspirert frå prosjektet lam i fortid og framtid. Det var heimelaga pølser (ifrå pølsekurs), laga av lam ifrå Vats. Og sjølvsagt lamma hovud, med potet, kålrabi og kraft. Til dessert var det tilslørte bygdekvinner. Hadde «litt» eple til overs etter Pia sin eplemost, så dei pakka ho inn og vart levert som ein liten gåve til alle bygdekvinner når kvelden var over.

Underhaldning var så mangt. Det vart song, historielesing, loddsal der resten av lammet vart lodda ut, alt ifrå indrefilet til lårsteik kunne ein vinna. Granberg sponsa med eit skinn, som vart lodda ut til slutt.  Bildeframvising som viste alt det bygdekvinnene har funne på, den gjekk i bakgrunnen heile kvelden Kjellaug Selsaas kom for å snakke om hennar sin hobby. Ho syr saueskinn og stemplar dei med dei utrulegaste mønster. Eit arbeid som ein må ha tolmod og ein må være nøye med. Det var kjempe interessant og høyre, og ikkje minst sjå!

 

Det var ein flott kveld for alle som var der og me gler oss til neste gong!