Hopp til hovedinnhold
Sju kvinner i hardangerbunad. Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling.

Sju kvinner i hardangerbunad. Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling.

Ellen Karin Bleie får gode råd av Magna Hauso. Foto: Mette Bleken.

Ellen Karin Bleie får gode råd av Magna Hauso. Foto: Mette Bleken.

Gunvor Haustveit likte seg på kurset. Foto: Mette Bleken.

Gunvor Haustveit likte seg på kurset. Foto: Mette Bleken.

Riving av skaut. Etter at det er turka i omn skal det rivast medan der er varmt. Foto: Mette Bleken.

Riving av skaut. Etter at det er turka i omn skal det rivast medan der er varmt. Foto: Mette Bleken.

Sigrid Espeland Lerbak, Odda, er ivrig etter å meistra ulike handverksteknikkar og er ikkje ukend med kjevle. Foto: Mette Bleken.

Sigrid Espeland Lerbak, Odda, er ivrig etter å meistra ulike handverksteknikkar og er ikkje ukend med kjevle. Foto: Mette Bleken.

Magna Hauso instruerer Magnhild Mjør. Til venstre Ingelin Trampe-Kindt. Foto: Mette Bleken.

Magna Hauso instruerer Magnhild Mjør. Til venstre Ingelin Trampe-Kindt. Foto: Mette Bleken.

Skautfellarar in spe. Foto: Mette Bleken.

Skautfellarar in spe. Foto: Mette Bleken.

Intensivkurs for raudlista handverk

I dag er det ingen aktive skautefellarar att. Varsellampene har lyst lenge for denne prikken over i-en på hardangerbunaden, men no er det von om at det raudlista handverket skautafelling kan overleva. Takk vera engasjerte bygdekvinner.

Tekst og foto: Mette Bleken

Bu og Ringøy Bygdekvinnelag, Folgefonn husflidslag og Hardanger folkemuseum har gått saman om eit felles prosjekt for å redda det raudlista handverket skautafelling – og på sikt skapa grunnlag for kulturfaglege arbeidsplassar i Hardanger.

Hovudmålet er å læra opp fleire personar i skautafelling, og slik sikra at kunnskapen kjem over på mye hender, vert haldne ved like og vidareført.

Bruk skaut!

– Hjå oss starta det med opninga av Hardangerbrua i 2013. Me ville slå eit slag for skautet og profilera det for alt det er verd, fortel Gerd Rosten Bu i Bu og Ringøy bygdekvinnelag.

Då toga bygdekvinner i bunad og skaut over den lengste hengebrua i Norge, som går frå Bu i Ullensvang til Vallavik i Ulvik  – og møtte dei frå hi sida.

– Me må prøva få skautet på plass igjen, seier Alis Bjotveit frå same lag.

Styrar på Hardanger folkemuseum, Agnete Sivertsen, i skaut. Foto: Foto: Jorid Martinsen/Norges Husflidslag.

Det viser seg at mange har skaut på kistebotnen og i skuffar og skåp, men få brukar det og enno færre kan skauta seg. Interessa vart vekt hjå folk i bygda og dei som har flytta vekk, men som gjerne vil ta vare på røter og tradisjon, fortel Bjotveit og Rosten Bu.

– For oss er det vesentleg at me får eit par som kan fella her i distriktet, seier dei to og meiner Norges Bygdekvinnelag sitt føremål om å ta vare på bygdekultur og røter óg omfattar tekstilkultur, draktskikk og handverk som er påkravd for å halda dette i hevd.

Samarbeid med husflidslaget

Dei skryt av samarbeidsprosjektet med husflidslaget vest i Ullensvang herad, med medlemer frå fire kommunar rundt fonna, og museet som ligg på Utne.

– Dett fellaren vekk, dett skautet vekk, slår prosjektgruppa fast.

Men dei er optimistar. Interessa for kurs i kunsten har vore overraskande stor, og kursdeltakarane imponerte.

Alis Bjortveit og Gerd Rosten Bu har ei viktig melding om skautabruk:

– Skal tradisjonen overleva, må kvinner bruka skaut. Nye tider og samlivsformer gjer at regelen om at skaut er for gifte kvinner, må skrinleggast.Vaksne kvinner kan gå med skaut til bunaden – gift eller ikkje gift.

Prosjektet

Ei gruppe på fem  har freista læra seg kunsten. Dei fekk opplæring hjå den einaste skautafellaren som  var att; Ingebjørg Byrkjeland (86) i Kvam, som «la opp» for fem-seks år sidan, men som i fjor tok utstyret fram att for prosjekt  skautafelling. Ho opna heimen for nye læresveinar. Dei har dokumentert prosessen, og sidan øvd jamt og trutt. Og faktisk funne ein enklare framgangsmåte for å bretta skaut enn den som har vore tradert til no.

Desse eldsjelene  gir no sin kunnskap og gode råd vidare til andre som vil prøva seg på det særprega handverket.

  

(fra v.) Solfrid Hansen er bundatilvirkar og vil gjerne lera fellehandverket. Alis Soldal Bjotveit ser til at det går rett for seg. (fra h.) Vilde K. Linnerud Bråthen t.v. og Magnhild Aarhus Mjelde i dyp konsentrasjon. Brette rett og smøre inn stivelse. Foto: Mette Bleken.

Dei inviterte til kurs på Hardanger folkemuseum i mars 2017, og pågangen vart så stor at dei måtte setta opp ei ekstra kurshelg. Folk frå nærmiljøet og tilreisande frå andre deler av Vestlandet - og Austlandet søkte om plass. Ei kvinne kom eins ærend frå Minnesota i USA for å læra  kunsten. 

– Prosjekt skautafelling skal legga til rette for at dei som vil, får prøva seg. Med det forarbeidet me har gjort, kan dei gå meir rett på sjølve felleprosessen. Vi er langt frå i mål. Dette vert litt som å læra seg å spela eit instrument: Du kjem eit stykke på veg, men det er ein stund før du bør stå på ei scene. Det krev mykje øving for å få eit perfekt resultat, seier Agnete Sivertsen, styrar på Hardanger folkemuseum og medlem i prosjektgruppa. 

Raudlista

– Norges Husflidslag har laga ei raudliste over handverk som står i fare for å døy ut. For Folgefonn Husflidslag var det sjølvsagt å freista redda skautafelling, fortel leiar Åslaug Eikrem Utne og styremedlem Magna Hauso.

Hardanger folkemuseum  får stadig førespurnadar om felling, og  styrar Sivertsen er glad det vart opning for å prioritera den tekstile teknikken – og for at det visar seg å vera interesse for å læra seg handverket.

– Noko  av det viktigaste vi gjer er å gjera ein ekstra innsats for å redda raudlista handverk, seier museumsstyraren som og er medlem av både Folgefonn Husflidslag og Grimo Bygdekvinnelag.

Ingelin Trampe-Kindt tv og Magnhild Mjør i aksjon med kjevler Kjøkkenreiskap er naudsynt for eit godt resultat. Foto: Mette Bleken.

Ho viser til det tvetydige i skautabruk. For ikkje lenge sidan var det for plikt å rekna å bruka skaut for gifte koner i Norge. Hadde du born utan å vera gift, måtte du skjule håret under eit skammaskaut.  Men no er det ikkje symbolikken, men handverket med røter og tradisjonar tilbake til renessansen det handlar om.

– Det er viktig å putta kunnskap inn i nye hender - og felling er grunnlaget, seier Sivertsen.

Redningsaksjonen for det raudlista handverket har fått støtte frå gode sponsorar, mellom anna Sparebankstiftinga Hardanger.

Endeleg!

Ellen Karin Bleie synest skaut til bunaden er fint og har alltid hatt lyst til å bruka det. Men sidan ho ikkje er gift, har det ikkje vore aktuelt. No har ho i alle fall gått inn for å læra kunsten å fella.  

– Nokre tradisjonar sit framleis sterkt, seier ho.

– Men no, med sterke signal om at tida er annleis  og at det er viktig å redda skautet - og det gjer ein og gjennom bruk – kan hende stiller du med skaut ved neste høve?

– Når eg vert ferdig, så stiller eg med eigenfelt skaut, smilar ho.

  

(Fra v.) Ellen Karin Bleie første prøveskaut ferdig henger over stolen. (Fra h.) Magnhild Mjør, ung entuasiast for gamle handverksteknikker og folkekunst. Foto: Mette Bleken. 

Ellen Karin Bleie er glad det vert diskusjon om korleis tradisjonane skal takast vare på – og at ein kan erkjenna at det er nye tider som fordrar andre haldningar og reglar.

Bleie  er medlem i Aga og Vikebygd Bygdekvinnelag, og meiner det er bra at også bygdekvinnelaga er med å halda den tekstile arven i hevd, slik ein har fokus på matkulturen – noko ho og er oppteken av.

Lærdom i arv

Bjørg Berge Skåra,  som har teke turen over fjellet frå Bærum,  sit konsentrert over fellebrettet. Det vesle prøveskautet har jamne fellingar og ho veit korleis fellepinnane skal  leggast på og takast ut – og stivelse strykast på.  Ein syl er til hjelp om det buklar seg litt.  

Eit vaksenskaut har om lag 200 fellingar plisseringar Mykje stivelse og tynne strenger må til. Foto: Mette Bleken.

– Eg har tenkt å læra opp dotter mi. Ho er og interessert, fortel  Bjørg som har hardangerbunad og er ivrig skautabruker.

– Dottera har fått sitt eige skaut og brukar det, fortel mora som opphavleg er frå Strandebarm i Kvam, ein av sju Hardanger-kommunar .

– Du skal vera nevenyttig og fingernem for å meistra dette, konstaterer Berge Skåra, og fortel at i hennar ungdom var det bestemte koner i bygda ein gjekk til for å få felt skaut – og å verta skauta. Det er óg ein kunst.

Sjølv har ho sydd hardangersaum sidan ho var ti år, og har mellom anna sauma til bunadsskjorter, og ho har sydd bunader til dottera og barneborn. Ho gler seg over at interessa for handarbeid har smitta over på dottera.

– Det er ikkje så lett for dei unge som er i jobb og har familie å få tid til slike kurs, men om me gamle kan læra oss kunsten, skal me freiste gje han vidare. Dette er so kjekt.

Det synest Aase Britt Olsen også. 

– Det var dotter mi som meinte vi måtte få med oss dette kurset, men ho måtte prioritera jobb. Så her er eg, seier ho

Ho har og fått god dreis på teknikken. Kva forhold har ho til bunad og skaut?

– Eg har fleire bunadar, mellom anna Bergensdrakt og Fana-bunad og er generelt interessert i bunad og handarbeid.

– Vert du å sjå i skaut frametter?

– Då må eg få meg vinterdrakt frå Hardanger fyrst. Eg ser ikkje for meg at eg går i raud opplut, eg er jo 70, ler ho.

Men legg til:

– Vi har jo nokon etter oss, både born og barneborn har synt interesse for dette, og eg har nieser og nevøar som og er interesserte i bunad. Det gjeld å vidareføra kunnskapen og kunsten.

  • Hovudplagget har vore del av den tradisjonelle kleskikken i Hardanger like sidan folkedrakta oppstod og utvikla seg på 1600-talet. Det var fyrst og fremst gifte kvinner som nytta skaut, og høgtidsvarianten var det felte (plisserte).
  • «Skal ein konebunad i Hardanger vera heilt rett, må det vera skaut til, det er prikken over i-en.» (Gudrun Stuland: Hardangerbunaden før og  no. 1980)
  • Utgangspunktet er eit kvadratisk stykke stoff som vert bretta i tre, og felt/plissert med hjelp av stivelse og fellepinnar. Om prosessen er suksessfull; vil skautet kvelva seg som breen Folgefonna.
  • Det er ein omstendeleg prosess å fella skaut. Utgangspunktet for eit vaksenskaut er eit 80-90 cm kvadratisk stykke i batist eller cambric som vert bretta og smurt inn med risstivelse. Skautet vert lagt på eit fellebrett, der to tynne spilar vert nytta til å laga om lag 200 faldane i stoffet.  Den sydde falden gir mønster i skautet. Nokre syr holfald for ekstra prydnad. Om han er smal, vert han mest usynleg i fellingane. For å vera synleg, bør han vera brei; men det gjer fellejobben vanskelegare. Meisterfellar Byrkjeland meiner vanleg fald gir meir enn nok pryd.
  • Når skautet er felt, skal det turkast. I dag skjer det i steikjeomn. Tidlegare ved anna varmekjelde.  Når det er turt, skal det «rivast» medan det enno er varmt.
  • Du treng korkje  mykje utstyr eller plass for å fella, men det er ein omstendeleg  prosess: Kjevle, sykkelspile (rustar ikkje og set ikkje farge på stoffet), to-tre tynne spiler til felling (gjerne uthamra pianostreng der spenninga er banka ut), syl eller skarp slikkepott, litt vanleg kjøkenutstyr, rett stivelse og rett stoff (bomull eller lin), fellebrett (helst i bøk).