Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Adventsmøte

ADVENTSMØTET ⭐️ 6.DESEMBER

På ein gnistrande, kald vinterkveld med måneskin og funklande stjerner på himmelen, var 49 bygdekvinner samla til adventsmøte i Solheim ungdomshus.
                         ⭐️🌲⭐️
Langborda var vakkert pynta og dekka på til fest, og velsmakande joletallerken frå Lene's kjøken vart servert. Til dessert fekk me fruktsalat og riskrem.
                          ⭐️🌲⭐️
Forfattar Ruth Lillegraven var med oss denne kvelden, til stor gleda for festlyen. Ho fortalde om oppvekst i Granvin og vegen fram til å bli forfattar, og om ulike bøker ho har skrive.
Me fekk høve til å kjøpa signerte bøker hjå Ruth Lillegraven. Kanskje ligg det nokre kortreiste gåver under joletreet til fleire av bygdekvinnene dette året.
Ein stor takk til Ruth for at ho var med oss denne kvelden ✨️
                            ⭐️🌲⭐️
- Liv Kolskår informerte om planar for ulike aktivitetar til neste år, og oppmoda medlemane å koma med forslag. I november 2023 er det  Inspirasjonsseminar i regi av NBK.
- Liv Marion fortalde om ny sesong av Språksjov på nyåret, og dei som ynskjer å vera publikum kan ta kontakta med Liv M.
                             ⭐️🌲⭐️ 
- Liv K takka medlemane for stor dugnadsinnsats dette året.
- Randi Margrethe takka leiar for at ho alltid er der og står på for laget vårt.
Kvelden vart avslutta med loddtrekning ✨️
                          
Styret takkar for fine premiar til loddsalet & for god hjelp med opprydding etter festen.
                             ⭐️🌲⭐️
              YNSKJER ALLE EI FIN     
                     ADVENTSTID &     
               EI GOD JOL I VENTE ✨️