Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

ÅRSMØTE 2019


Årsmøte 6.november i Solheim Ungdomshus.

36 bygdedamer, både medlemar og andre, tok turen til Solheim denne kvelden. Liv Spilde, leiar i laget, ynskte alle hjarteleg velkomen til årsmøte. Me opna møtet med Song for Bygdekvinner og alle andre. Vidare losa Liv oss stødig gjennom programmet for kvelden og fekk på plass godkjenning av innkallinga, ordstyrar, referent og underskrivarar til årsmøtereferatet.

Aud-Marit Netteland la fram årsmeldinga og kunne fortelja om stor aktivitet i laget, møter med ulike tema, kveldsturar, dugnader, sommartur til Finnesloftet og mykje meir. Bjørg Agersborg Grønås la fram rekneskapet som vitnar om eit særskildt innbringande år med eit stort overskot. Det var fem innkomne saker til årsmøtet, som me brukte god tid på å diskutera og godkjenna. Etter det trengde me å løysa opp med Aottungavisa, som var ukjent for mange. Liv fortalde at Voss frå gamalt av var delt inn i ulike aottunga og at me på Bjørgum høyrer til Kvitlæ. Randi Flatabø Opheim sang føre og me andre hang med så godt me kunne. Elin Koppen, leiar i valnemda, la fram forslag frå valnemnda, som årsmøtet godkjende med nokre  få endringar. 

Styret for 2020 er Liv Spilde, Anne-Marit Lemme Eikefjord, Bjørg Agersborg Grønås, Randi Margrethe Bjørke, Liv Kolskår og Kari Tesdal. Vara er Marit Helgaset, Randi Flatabø Opheim og Berit Klyve. Nytt for 2020 er eit ekstra styremedlem, dette grunna stor aktivitet i laget og eit lag med aukande medlemstal. Me har no 62 medlemar, i fjor hadde me 50 medlemar på same tid. I tillegg fekk me på plass grupper/komitear, som er på val kvart år. Frå før hadde me sommartur-komite. No har me komite for kveldsturar, jolamatkveld og bakeveka/bakekurs. Liv Spilde avrunda årsmøtet og me sang songen Clementine.

Etter mykje årsmøtearbeid smakte det med heimelaga betasuppe (knallgod), kaffi og heimelaga sjokoladekake og eplekake (knallgode) og ein god drøs over kaffikoppen. Anita Sele Eikefjord, Elin Koppen, Laila Slettemark, Helga Mala og Margunn Slettemark Mundal hadde ansvaret for den gode maten me fekk servert og fint dekka bord til møtet. Dei tok og oppryddinga etter møtet, så ein stor takk til matkomiteen !

Liv Marion Slettemark Grønås og Aud-Marit Netteland gjekk ut av styret. Dei fekk gode ord og fine blomar som takk for styrearbeid gjennom fleire år. Anne-Marit Lemme Eikefjord underhaldt oss med ein vandring gjennom alle kveldsturane på rim. Her var det mange som kjende seg att og fekk seg ein god lått. Loddsal vart det og tid til og mange fine ting vart lodda ut. Ein stor takk til dei som bidrog med premiar.

Til slutt fekk me informasjon om 40-års jubileet til Kvitlæ sofaband 16.november, der me skal vera med å hjelpa til. Randi Flatabø Opheim viste og fortalde om ulike materialer til joladekorasjon. I år skal me laga både dekorasjoner og mat på jolamatkvelden tysdag 19.november. Adventsmøte vert onsdag 4.desember. Til desse to arrangementa vil det koma meir informasjon/påmelding når det nærmer seg. 

Liv Spilde takka for møtet og ynskte alle vel heim. Me avslutta med songen Venskapsvisa.

Til vanleg har me mange bileter frå møta og arrangementa våre, men denne kvelden fekk styret det så travelt at me nesten ikkje rakk å ta eit einaste bilete. Me får koma sterkare tilbake med bilete av det nye styret og dei ulike komiteane på nyåret.