Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Flotte kvinner på årsmøte
Beit, Brynhild, Bjørg, Liv, Elin, Randi, Aase
Aud Marit, Brynhild, Liv, Elin, Anita, Kjellaug

Årsmøte i Bjørgum Bygdekvinnelag.

Tysdag 18 oktober vart det halde årsmøte i Bjørgum Bygdekvinnelag i Solheim.

Årsmelding, rekneskap vart lest opp og gjennomgått. Turgruppa og bakegruppa fortalde om aktivitetane dei har hatt i året som var. Ingen innkomne saker dette året. Valnemda har jobba med nytt styre som vart presentert.

Dei avtroppande i  styret vart takka av med blomstrar.

Etter den obligatoriske delen av møte var ferdig så fortalde Brita D. Bjørke nytt frå Hordaland Bygdekvinnelag. 

Med gode snittar frå Kveik og gode kaker, kaffi og te kosa me oss og praten gjekk livleg. 

Loddsalg med fine premiar stod og på agendaen.

30 frammøtte hadde ein kjekke kveld i Solheim.

Styret i Bjørgum Bygdekvinnelag 2023: 

Leiar: Liv Kolskår

Nestleiar: Brynhild Tennebekk Bjørke

Kasserar: Liv Sekse

Skrivar: Elin Koppen

Studieleiar: Anita Sele Eikefjord

Heimesideansvarleg: Randi Margrethe Bjørke.

Varamedlemmer : 1. Aud Marit Netteland, 2. Kjellaug Horvei, 3 Evy S. Grevle