Bli kjend-kveld med Bygdekvinnelaget 🌺
Triveleg kveld saman med bygdekvinner frå Voss, Egdetveit & Vinje og Oppheim & Hauge 🌺
Gnistrande kaldt vinterver og stålis skremnde ikkje 26 bygdekvinner frå å koma til Solheim 26.januar. Inne var det god stemning og drøs rundt bordet. Lokallaget på Bjørgum inviterte inn til bli kjend-kveld i samarbeid med Hordaland distrikslag. Me fekk høyra nytt frå distrikslaget ved leiar Liv Kolskår om komande årsmøte i mars, landsmøte i NBK til sommaren og bygdekvinnestreif. Det store temaet i år er beredskap. Lokallaga på Voss vart invitert til felles møte om beredskap 21.januar av Vossestrand Røde kors. Ingebjørg Winjum fortalde frå møtet, der Voss herad sin beredskapsrådgjevar hadde vore og informert om eigenberedskap m.m.
Innimellom all informasjonen vart det servert nysteikte lappar & kaffi-/te og appelsin. Åresalet gjekk unna og mange viste god vinnarlykke.
Ekstra kjekt var det å høyra om aktivitetar i dei ulike lokallaga - til inspirasjon for vidare arbeid i laget vårt og samarbeid med andre lokallag i framtida.
Takk til alle de som kom og til de som tok hand om det praktiske til møtet 🌺