Blomebyte - kveld
Lærerik kveld i Solheim
Tysdag 29.april vart ein triveleg kveld med byte av blomar og avleggarar og med gode tips med på vegen om korleis ta vare på planter og dyrka fram nye blomar. Mange hadde teke med seg ulike blomar og avleggarar, blant anna porselensblome, jolekaktus, praktspragle og hageortensia. Iveren var stor i å byta planter, og dei blomane det var rift om, vart lodda ut til slutt saman med uteblomar og andre gevinstar.
I tillegg til blomar kosa me oss med påsmurde skjever og rundstykker, lapper med heimelaga bringebærsylta og sjokoladekake.
Fellessong og litt lagsinformasjon vart det og tid til.
Takk til alle som kom med planter, gevinstar og møtemat !