Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Markblomar foto: A-M Netteland

Anne Rivenes fortel om yoga, gard-og kvinneliv foto: A-M Netteland

Ei lyttande forsamling foto: A-M Netteland

Kake etter supanesoppa smakar godt - Anne,Kariog Elin Foto: A-M Netteland

Te & kake vert det godt stemning av Foto:A-M Netteland

Gardspoesi & jordnær yoga

Poesi & yoga saman med supanesoppa er ein makelaus kombinasjon.

Anne Rivenes, gardbrukar og bygdekvinne, fortalde levande om gardsliv og kvinneliv. Den gong fleire generasjonar budde saman på gardane og delte kvardagen i eit arbeidsfellesskap, der alle hadde sin plass og si rolle. Ho fortalde om det å leva på nåde som einsleg kvinne i storfamilien, og las høgt frå boka si, Nåden.

Nærleik til naturen er ein lysegrøn tråd i formidlinga til Anne - om frø som vert sådd i jorda og frø som vert sådd i borna og som dei har med seg livet ut. Om me tek oss tid og stoggar, kan me kjenna at me er ein del av naturen. Korleis me pustar, heng saman med det å finna ro og kunne lytta til seg sjølv og alt rundt oss.

Ein stor takk til Anne, som gav oss ei god og fin stund til ettertanke og inspirasjon til å ta med inn i ein travel kvardag.

Etter stunda vart det servert supanesoppa, kake, kaffi og te. Åresal vart det og tid til innimellom informasjon frå Hordaland Bygdekvinnelag. Utsendingar til årsmøtet i distriktslaget formidla om eit vellukka møte i Øystese og bakegruppa fortalde om bakekurs i Ulvik Bygdekvinnelag, om klingkurs og bakeveka i april, som skal vera i Solheim grendahus.

Takk til alle de som kom denne kvelden, hjalp til, hadde med gevinstar og gjordet det til ein innhaldsrik og fin kveld.