Hausttakkefest i kyrkja 🍂
Me var ein liten gjeng frå Bjørgum Bygdekvinnelag som pynta til hausttakkefest i Vangskyrkja 🍂 det vart ei triveleg og fin stund i den staseleg kyrkja vår og pyntinga gjekk som ein leik, då mykje var førebudd. Leiar i laget laga vakre kranser saman med katten heima i tunet 🐈trau, amber og anna vart funne fram og fylt med godsaker frå markens grøde og pynt frå hage og rundt forbi vart sanka inn og nytta til fine bukettar.
Pynte-gjengen var med på gudstenesta og kyrkjekaffi, og me fekk mange godord for innsatsen 🍂 det er alltid kjekt å vera med å gjera stas på Bygdekvinnelaget og bidra til fellesskapet.