Jonsokfeiring i Solheim laurdag 21.juni 🌼
Jonsokbrudepar & Jonsokfeiring- ein gamal tradisjon på Voss 🌼
Ungdomslaget i Solheim ynskte å ta opp att tradisjonen med jonsokfeiring. Dei kontakta Fau ved Bjørgum skule og Bjørgum Bygdekvinnelag for samarbeid. Bygdekvinnelaget fekk ansvar for å laga til enkel kaffimat for sal, lappar, muffins og platekaker. Leiar i laget vårt laga heimelaga rabarbra- og bringebærsaft til arrangementet, til stor gleda for båe små og store.
Tradisjonen tru hadde "brura" brurebunad på. Den hadde Liv Dale ordna med, slik ho har gjort mange gonger tidlegare. Brurefylgjet stilte opp på skulen og gjekk so ned til Solheim med to spelemenn på toradar fremst i fylgjet.
Båe gamle og unge hadde teke turen i Solheim denne dagen og fekk ei triveleg stund i sola med toradarmusikk, leikar for borna og god drøs over nysteikte lappar, kaker, kaffi og heimelaga saft.
Alle var einig i at det var kjekt at den gamle tradisjonen med jonsokfeiring og brudepar var teken opp att 🌼