Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Jussdalsvatnet 929 moh
Fin badetemp for tøffingar
Påveg mot Sollikamben
Utsyn mot Vossevangen

Jussdalsvatnet


Fjelltur i Bjørgum bygde.kv.lag til Jussdalsvatnet

Laurdag 28.august vart det tur til Jussdalsvatnet.

Det var flott ver, for ein fin fjelltur. Men dog var det berre ein firerbande og ein hund som vart freista til å ta turen.

Me køyrde bil til Saghaugen, og gjekk derifrå til Sollikamben (800 moh). Det stig godt opp bakkane, men ein får ein flott utsikt over Vossabygda. Vegen vidare gjekk i myrlendt terreng, over ein knaus, so var me dar!-) ved Jussdalsvatnet. Det er 4 grunneigarar som eig vatnet, som har støl i nærleiken. Denne gongen var me to som bada i vatnet. God badetemp for tøffingar!!

Etter ein god pause med mat og drykk, gjekk turen heimatt om Øvraset og attende til bilane på Saghaugen.