Kulturvandring i Hedleberget & markering av Friluftlivetsåret 2025 ☘️
Friluftlivets år 2025 - Gjennom prosjektet Friluftsliv & Inkludering vil Norges Bygdekvinnelag inspirera til sterkare innsats for inkludering gjennom friluftsaktivitetar der me bur.
Tysdag 17.juni var siste kveldsturen for denne sesongen (kjem fleire turar til hausten). På tross av dårleg vervarsel fekk me, som tok turen til Hedleberget, ein eventyrleg kveld med kulturvandring, matservering i det fri og kulturhistorie frå Hedleberget. På førehand fekk me leiga Songvehytta grunna fare for vind og regn, men sola titta etter kvart fram bak skyene, slik at me kunne sitta ute og nyta sommarkvelden.
Bjørgum Bygdekvinnelag søkte og fekk prosjektmidler til markering av Friluftslivets år. Me har innvistert i kokeutstyr til utebruk. Denne kvelden diska bakegruppa opp med rabarbrasuppe til turgjengen, tapastallerken med lefseruller laga av potekake frå Mosstova, kjøttboller, dadler surra med bacon og urteflatbrød frå Mosstova i Folkedal. I tillegg hadde bakegruppa laga rabarbra-kake og muffins, som smaka ekstra godt saman med nylaga "skogskaffi".
Det vart ei fin avslutning på kveldsturane og markering av Friluftslivets år 2025. Me i Bygdekvinnelaget ser fram til fleire turar og friluftsaktivitetar ☘️ Alle, små og store, er velkomne til å vera med. Det kjem informasjon, om turar / arrangementer, på FB.
Takk til Knut Bryn for kulturhistorie frå Hedleberget - takk til turgruppa for planlegging av varierte og fine kveldsturar denne våren - takk til de som tok med vakre blomar til å pynta med båe inne og ute - takk til bakegruppa for kokkelering og servering ☘️