Kurs i flatbrød og kråtekake
Produktiv og kjekk bakehelg i Solheim, 24. - 26.mars.
Frå fredag føremiddag til sundag ettermiddag har det vore baking av flatbrød og kråtekake i Solheim. Laurdag og sundag var det kurs. Før og i mellom kursa var det åpe for medlemmar, som hadde lyst å prøve å bake litt sjølve. Det har nok aldri blitt produsert så mykje kråtekake og flatbrød i Solheim før, som denne helga. Det var god stemning frå tidleg til seint. Fire av kursdeltakarane ville melde seg inn i laget vårt. Slikt er alltid like morro, så dette må me nok gjere fleire gonger !
Foto: medlemmar i laget