Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Lærar & elev foto:A-M Netteland

Lærer å laga nekabrød foto:A-M Netteland

2.runde med steiking etter neking foto: A-M Netteland

Brita synar korleis neka leiva før andre runde med steiking foto: A-M Netteland

Alle samla rundt bordet til lunsj foto: A-M Netteland

Press på nekabrødet foto: A-M Netteland

Ferdig kling foto: Liv Spilde

Kurs i vossakling - formidling av matkultur

Å vera med på klingkurs er ei praktisk og kulturell oppleving for båe deltakar og instruktør. Ein lærer noko nytt om ein er nybyrjar eller erfaren bakstedeie.

6 kursdeltakarar kom til Solheim laurdag 11.april for å vera med på kurs i vossakling. Deltakarane fekk sjå korleis me laga knåa og smyrja, og vidare fekk dei baka ut leiver, som vart steikt og neka og steikt igjen. Før neste steg i opplæringa var det tid for lunsj. Me samla oss rundt langbordet og kosa oss med supanesoppa og samstundes vart betre kjende med kvarandre.

Etter lunsj vart nekabrøda bløyta, smurde med smør og smyrja. I smyrja er det mykje godt, som fløytemysost, sirup, sukker m.m. Nokon likar å ha mykje smyrja i klingen, andre vil ha mykje smør. Her må ein berre prøva seg fram til kva ein likar best.

På slutten av kursdagen oppsummerte bakeinstruktørar og kursdeltakarar at dei var godt nøgde med kvarandre og ikkje minst baksten.

Bjørgum Bygdekvinnelag si bakegruppe ynskjer lukka til vidare med å laga vossakling og anna takkebakst. Og me ynskjer fleire velkomen på kurs til neste år.