Møte med potetkake baking.
Mandag 20 februar var det møte i Bjørgum bygdekvinnelag🌺
Denne gongen skulle me få læra korleis me skulle laga store og tunne potekaker.
Toril Reine Folkedal var dyktig lærar.
Fekk gode tips til både korleis knoa skulle vera, utbaking og steikjing. So no er det fram med lerret/bakeunderlag og nylomstrømpar, og godt varm takka.
Nylonstrømpane hadde ho på kjevlet slik at deigen ikkje sette seg fast.
Etter bakeøkta vart det smaking av baksten, og den var god😋
Veldig kjekt at "ikkje medlemar" også tok turen, det set me i laget stor pris på. Våre møter er alltid opne for alle.
Takk til kaffikokarane for gode kaker og hjelp til pådekking og rydding👍
Tusen takk for ein triveleg kveld saman med mange trivelege bygdekvinner😊🌺