Nøysomprosjektet - Matsvinn
Nøysom - å bringa vidare kunnskap om å nytta ressursane best mogleg.
Tysdag 8.april hadde 3 bygdekvinner prosjekt matsvinn saman med 6.klasse på Bjørgum skule, ei gruppe på føremiddag og ei gruppe på ettermiddag. I forkant planla dei og handla / fekk matvarer utgått på dato frå REMA 1000.
Randi, Torunn og Liv fortalte om ulike lagringsmetoder frå gamalt av og fram til no, om datostempling og kast av brukande mat, sjølv om matvarer er gått ut på dato. Dette er det større fokus på no, båe blant forbrukarar og daglegvarebutikkar.
Elevene fekk sjå, lukta og smaka på varene. Dei vart delt inn i tre grupper, som fekk laga arme riddare, krutongar av tørre brødskjever og tortillachips av tørre tacolefser, fruktfat og salat av varer som skulle kastast. Maten fall i god smak.
Å bruka varer som er gått ut på dato og matrester er ein fin måte å redusera matsvinn på. I tillegg kan me sjølve redusert matsvinn ved å ikkje forsyna oss av meir mat enn me et opp.
Det var ein travel og kjekk dag med ivrige og arbeidsame elevar. Elevane spurte om me ikkje kunne koma att og laga meir god mat med dei.