Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Foto:Liv Spilde

Foto:Margareth Sørheim

Foto:Margareth Sørheim

Foto:Liv Spilde

Foto:Margareth Sørheim

Open gard 🐮

Frå Smalahovesleppet til OPEN GARD dagen etter.

Bondelaget er arrangør for denne dagen på Jordbruksskulen (Voss vgs). Her er mange invitert til å laga aktivitet og ha stend. Bjørgum Bygdekvinnelag har i lang tid vore med anna kvart år. I år vart det ekstra travelt med Smalahovesleppet på laurdagen og OPEN GARD VOSS på sundagen, 4.oktober, og fleire av bygdekvinnene var i sving båe dagane.

Det var mykje folk trass i dårlege meldingar. Men store og små hadde kledd seg deretter, dessutan vart veret betre enn meldingane, så det såg ut som dei treivst. I alle fall åt dei godt. Det var lange køar framfor disken vår. Me selde ut alt me hadde - lappar av 20 liter kulturmjølk og 420 pølser, og hadde me hatt meir, hadde me selt det og.

Me fekk låna kjøkken med gode fasilitetar, som var til god hjelp, når mykje lappar, kaffi og pølser skulle lagast til.

Ein travel, men veldig kjekk dag !