Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

pakking av tursekk

Fin vårkveld ved Storademmo på Møn

PAKKING AV TURSEKK OG ENKEL TURMAT


Medlemsmøte i laget i Gapahukken på Storademmo april-21.

Ute i det fri ved Gapahukken i Bjørgumgrenda, kom det ca 30 damer som ville høyra på foredraget til Hildegunn. Ho er ei dame som reiser mykje på  til-og overnattingsturar i naturen.

Ho gav oss mange nyttige tips og idear om korleis me kan pakka ein sekk for dags - og fleirdagstur. Tilslutt fekk me utdelt ei pakkeliste, som inneheldt utstyr, klede og tillegg for overnatting.

God mat er og ein del av turopplevinga. Hildegunn hadde med seg oppskrift og smaksprøve på Fru Klausen sine havrekjeks. Gode "energibarar" som ikkje er for søte og full i energi.

Etter foredraget, fekk me gode lappar og kaffi og smaksprøvar på Hildegunn sine  kjeks som er lette å ha med på tur.

Det vart ein triveleg kveld ute ilag med mange kjekke bygdekvinner.