Såing og dyrking i pallekarm
Inspirasjon til å dyrka i eigen hage
25.februar var det ein lydhør forsamling i Solheim som fekk gode råd om kva ein kan dyrka og korleis dyrka grønsaker i pallekarm. Grete Bryn Kvist delte erfaringane sine med oss om korleis ho dyrkar grønsaker til eige forbruk til seg og familien i hagen sin. I tillegg til alt du kan dyrka tipsa ho om å bruka organisk avfall som jordforbetring og saueull til bunndekke. Ulla held godt på fuktigheit i jorda. Det vart og tid til song, loddsal og god drøs over kaffikoppen. Ein stor takk til de som koka kaffi og ordna med møtematen - og takk til de som kom med fine gevinstar til loddsalet.