Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Ein lydhøyrd gjeng i sommarregnet. Foto: Jorunn Arntsen

Biletquiz med djup konsentrasjon foto: Jorunn Arntsen

Fleire som brynar seg på quizen foto: J. Arntsen

Bygdekvinner som har dreisen på quiz foto: J.Arntsen

Snart ferdige....foto: J. Arntsen

God stemning rundt bordet foto: J.Arntsen

God mat fekk me servert på Ringheimskafeen foto:A-M Netteland

Drøs rundt bordet foto:A-M Netteland

Sommartur med historisk sus ☘️

Gatelangs med Gunnar Hemre Ringheim og lokalhistorie frå Vangen

Tysdag 27.mai - 22 ivrige bygdekvinner samla seg framføre kyrja for å vera med på ei historisk gate vandring med lokalkjend guide. Gunnar Hemre Ringheim fortalte om Vangen i tidlegare tider, at blant anna all busetting tidlegare var vest på Vangen, at fattigstova stod framføre kyrja, der parkeringa er no og at det har vore ekserserplass for militære der torget er. Me fekk og høyra om ulik arkitektur og byggestil og mykje, mykje meir. Guiden vår var eit oppkome av historier og bygdekvinnene hadde mykje å spørja om. Ekstra kjekt at me har so mykje spenande historie i nærområdet.

Etter gatevandringa var det godt å koma inn på Ringheimskafeen. Der fekk me servert nydeleg mat,  foccasia med kylling og ostekake m/kaffi til dessert.

Mellom salt - og søtmat var det gruppeoppgåve med quiz - der me skulle finna ut kvar dei ulike biletsnuttane var henta frå.

Takk til komitéen for ein engasjerande og kjekk tur - gler oss alt til neste år og tur !                                     I år var det Jorunn Arntsen og Margunn Slettemark Mundal, som var i tur-komiteen.

Takk til alle som vart med på sommertur i regnet, og ikkje minst Takk til Gunnar Hemre Ringheim,  som guida oss stødig, gatelangs gjennom Vangen ☘️