Sommartur til Kvemmadokkje
19 Bygdekvinner tok turen til Kvemmadokkje i Ulvik tysdag 9.juni. Der fekk me historieforteljing og omvisning på tunet av Torhild, Torkjell Lunde Børsheim og Johan Børsheim. Dei fortalde husmannplass-historia i Ulvik og Noreg, og om Kvemmadokkje og dei som budde der.
Etter på fekk me servert god betasuppe og kaker & is. Ein triveleg vårtur sjølv om veret slo seg litt vrangt og gøymde utsikta frå gringbygget der me sat og åt.
Takk for turen !
Helsing sommartur-komite'en, Anita og Kristin
Bileta er teken av: Anita Sele Eikefjord, Kristin Lemme, Margareth Sørheim, Solvor Bakketun og Aud-Marit Netteland.