Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Finneloftet, eit unikt bygg frå år 1295.  foto: Perplex

Finneloftet, eit unikt bygg frå år 1295. foto: Perplex

Knut Funne fortel om økologisk hagebruk   foto: Aud-Marit Netteland

Knut Finne fortel om økologisk hagebruk foto: Aud-Marit Netteland

Foto: Liv Spilde

Foto: Liv Spilde

Gamal og ny arkitektur   foto: Aud-Marit Netteland

Gamal og ny arkitektur foto: Aud-Marit Netteland

Foto: Liv Spilde

Foto: Liv Spilde

Mykje grønt og godt som skal plantast ut   foto: Aud-Marit Netteland

Mykje grønt og godt som skal plantast ut foto: Aud-Marit Netteland

Utsikt mot Vandrarheimen, som høyrer til Finnegarden   foto: Aud-Marit Netteland

Utsikt mot Vandrarheimem, som høyrer til Finnegarden foto: Aud-Marit Netteland

Klar for omvisning i Finneloftet   foto: Liv Spilde

Klar for omvisning i Finneloftet foto: Liv Spilde

Foto: Aud-Marit Netteland

Foto: Liv Spilde

Snart klar for å høyra middelaldersoga om Finne-godset   foto: Aud-Marit

Snart klar for å høyra middelaldersoga om Finne-godset foto: Aud-Marit

Historia til Finneloftet   foto: Liv Spilde

Historia til Finneloftet foto: Liv Spilde

Suppe med brennesle,surblad, gulrot og biffkjøt   foto: Aud-Marit

Suppe med brennesle, surblad, gulrot og biffkjøt foto: Aud-Marit

mette på middelaldersoge og svoltne og klare for kveldssuppe   foto: Aud-Marit

Mette på middelaldersoge og svoltne og klare for kveldssuppe foto: Aud-Marit

Eldfrid, Marta og Maria.   foto: Aud-Marit

Eldfrid, Marta og Maria. foto: Aud-Marit

Marit, Liv Marion og Ingunn   foto: Aud-Marit

Marit, Liv Marion og Ingunn foto: Aud-Marit

Helga, Evy og Mariell   foto: Liv Spilde

Helga, Evy og Mariell foto: Liv Spilde

Anny Irene, Eli og Oddrun   foto: Liv Spilde

Anny Irene, Eli og Oddrun foto: Liv Spilde

Olaug, Kari og Berit   foto: Liv Spilde

Olaug, Kari og Berit foto: Liv Spilde

Elin, Kirsten og Gro   foto: Liv Spilde

Elin, Kirsten og Gro foto: Liv Spilde

Foto. Aud-Marit

Foto. Aud-Marit

Sommarturen 2019


Sommartur med historisk vandring i lokal middelaldersoge

Sommarturen starta med oppmøte på Vandrarheimen i Peter Bondes veg ved Vangsvatnet. Der i frå gjekk me saman til Finne-gods i Gullfjordungen. Knut Finne tok vel i mot oss på Finnegard, der me fekk høyra om økologisk hagedrift og korleis jobba med sal og foredling av matvarer direkte til forbrukarar i Voss og omegn. Knut og kona tok over garden i 1994 og driv garden som 10.generasjon. Vidare gjekk turen til Finneloftet, som er eit staselegg bygg frå same periode som stavkyrkjene, Bygget vart oppført i år 1295 og er eit av dei eldste profane trebygg i Norge. Knut Finne tok oss med inn på loftet og fortalde på mesterleg vis historia til Finne-godset frå år 1250 og fram til vår tid med dei to sentrale Vossa-ættene Finne og Rogne, og kalla hjorteætta og saueætta. Dette var ei lærerik og interresan stund for ein lydhøyrd forsamling, som hadde mange spørsmål om Finneloftet og syntes det var ekstra kjekt å få høyra om dei sentrale kvinnenne i historia til loftet. Signe Finne Seim, tanta til Knut Finne, og Per Indrehus har laga eit musikkverk om kvinnenne i loftet, som har vore framført her.

Mette på middelaldesoge vandra me saman ned att til Vandrarheimen. Der vart me ynskja velkomen og fekk servert nydeleg suppe med brennesle og syreblad og velsmakande brød til. I tillegg til suppe fekk me kaffi og ei god eplekake  Drøsen gjekk ivrig rundt bordet med utsyn mot Vangsvatnet og ein vakker sommarkveld som venta på oss der ute. 31 damer i alderen 8 til 95 år kosa seg i lag denne kvelden. Ein stor takk til Marit Helgaset og Gro Gjermo i turnemnda som laga til sommarturen. 

Me ser fram til neste sommartur - alltid lika spennande å sjå kvar neste turnemnd vil ta oss med på tur.