Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Fykse Gard
Leiar Liv Kolskår
Mange damer på tur.

Streif treff på Fykse 20 april

Rett før Fyksesundbrua svinga me av, og køyrde oppover svingane til grenda Fykse. For mange av oss var det overraskande å sjå kor mange som bur her oppe. Fykse gard ligg i eit klyngetun. Her driv Arne Fykse og familien med gardsrestaurant, kjøtbearbeiding, fruktdyrking og ein del anna.

Prosjekt Nøysom

Åsa Gunnarsdottir og Liv Kolskår hadde innleiing om dei fire ulike tema for prosjektet.

Bygdekvinnelaga kan søkja Norges Bygdekvinnelag om  støtte til kurs innanfor:

  • Matsvinn
  • Dyrk sjølv
  • Miljøvenleg og kjemikaliefri heim
  • Kva er det lurt å kunna laga og reparera.

Middag og vandring 

Etter  gruppearbeidet var det middag i ei gamal, koseleg stova i tunet. 

Arne Fykse fortalde meir om garden og området og me la i veg nedover bakkane til Døsshola. Her vart det meir felespel og historie då me hadde kome oss inn. etter å ha forsert eit noko ulendt terreng.

Loddtrekninga tok me til slutt, etter ei orientering om Hordaland bygdekvinnelag frå leiaren Liv Kolskår. Det vart gode inntekter til distriktslaget.