TRADISJONSMAT PÅ SMALAHOVESLEPPET 🐑
I år, som mange tidlegare år, hadde Bjørgum Bygdekvinnelag stend under Smalahovesleppet, der me baka brimlefse og selde flatbrød, krotakaker og råmjølkspudding 🐑
Bygdekvinnene på Bjørgum har vore i sving med førebuing til Smalahovesleppet 3.oktober i fleire veker. Siste veka kryssa me fingrane for strålande salsver, slik som i fjor, men dagen kom med øs pøs regn. Då var det berre å bretta opp ermene, ta på seg regnsklede og få opp teltet i ein fart, og inne i teltet vart det rigga til med bakstebord og anna bakeutstyr. Salsborda fekk duk og pynt, og stemninga inne i teltet steig i takt med antall ferdiglaga brimlefser.
Brimlefse er flatbrød med pannekakerøre, steikt flesk og korv som ein tek på når ein steikjer flatbrødleiven. Flatbrødleiven vert til slutt bretta saman og servert med rømme til.
Tidlegare år har me stått på torget, i år fekk me plass i gata ved sida av torget. Me kjende på at me kanskje var noko bortgøymde, men tydlegvis fann folk oss, for me selde ut alt me hadde med oss og det me lagde den dagen.
Takk til alle de som handla hjå oss og takk til dugnadsgjengen for alt arbeidet i samband med Smalahovesleppet 🐑