Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Vossadagen og Granvinsdagen 27 aug.

I samband med " frivillighetens år" fekk laget invitasjon frå Voss herad om å visa fram laget på Vangen laurdag 27.august.
Ilag med Voss bygdekvinnelag hadde me stand i vestibylen i gamlekinoen. Me hadde lappasteikjing, informasjonsmateriell, quiz, sal av boka vår og t- skjorter med ny logo på. Biletframsyning av aktivitetar i laget.
Det var mykje folk innom. Lappane var populære og Voss herad spanderte kaffi og saft.
Det var kjekt å vera ilag med Voss bygdekvinnelag og høyra litt om kva dei driv med. Dei hadde med seg flott utstilling av ulike vossabunader og dåpskjolar som dei leiger ut. Dei selde og mjølkekaker.
Me var 4 ifrå styret som var i gamlekinoen. Elin, Randi Margrethe, Aase og Brynhild.
Ein flott dag på Vangen med mykje kjekt ein kunne sjå på.🌺

Bjørgum Bygdakvinnelag fekk invitasjon til å vera med på Granvinsdagen allereie i mars, og det måtte me sjølvsagt vera med på.
Det vart ein fantastisk flott og veldig travel dag.
Me steikte lappar og kokte kaffi. Dette fall tydlegvis i smak, og det var lang kø for å få kjøpt    "godsakene". 
Quiz hadde me og, og infomateriell om bygdakvinnelaget, salg av Tradisjonsmatheftet og salg at t- skjorter.
Takk for at me vart invitert, me kjem gjedna tilbake🌺