Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

Årsmøte på Bø Museum.


25. oktober 2017

15 frammøtte.

Møteleiar: Helga Eika. Referent: Kjersti  Moen.

Underskrift av protokoll: Bjørg Idland og Silje Hegnastykket.

Godkjenning av sakliste: Sakliste godkjent.

Leiar Helga Eika ønskte velkommen.  Bjørg Idland las ord for dagen, «Det bortkomne ordet».

Årsmøtesaker.

Leiar innleda med årsmelding, spurde om alle hadde  gjort seg kjent med denne, var det  nokon spørsmål.  Godkjent, ingen anmerkning.

Bjørg Idland las frå årsrekneskapen.  Nokre hadde spørsmål ang. bunden  eigenkapital. Dette var besvart. Godkjent, ingen anmerkning.

Valg ved Bjørg Andresen.

I styret:

Leiar Helga Eika.

Nestleiar: Anne Grethe Hegnastykket.

Sekretær: Silje Hegnastykket.

Kasserer: Aslaug Flatebø Haugland.

Styremedlem: Bjørg Idland.

Varamedlemmer til styret:

  • Liv Birgit Ulvenes.
  • Anne Ingunn Bakaas.
  • Bjørg Andresen.

Leiar orientera om Arbeidsplan 2018.

Deretter om saker vi har hatt gjennom 2017. Medlemsverving.    Vi  har delteke  når det gjeld «Tradisjonsmat» og « Ja, til norske grønnsaker». Utdeling av frukt/epler til  Bø Barneskule, 410 elevar. 5 kasser var dela ut.

Det var og tatt opp «Skulemat». Diskutert, mange innlegg om dette, enig om at det er eit godt tiltak. Blir tatt opp til vurdering ved ein annen anledning.

Annne Grethe orientera frå Telemark Bygdekvinnelag, saker som blir viktige i året som kjem.

Leiar Helga Eika tok opp sak når det gjaldt valg på sekretær og kasserer.  Regler når det gjeld dette. Denne saken blir tatt opp på neste styremøte.

Ny utstilling av gamle forkle i skapet vi har på Bø Bibliotek. Ansvarlege er:  Inga Haugland,  Kari Vreim Holta og Aaste Ulvenes.

Til underhaldning denne kvelden hadde  vi bede Nora Staurheim frå Bø. Ho har vert utviklingstudent,  1 år i El Calafate, en by i Patagonia, Argentina. Byen ligger heilt sør i landet. Vi fekk høyre kor godt ho hadde blitt motteke av vertsfamilie og ellers  der ho kom. Eit reiseselskap og Rotary var hennar kontaktar der nede.  Språkglade Nora fekk  full  utnytting av det her, lærte mykje. Fekk sjå flott natur i eit flott land. Vi var ein lydhør forsamling. Takk til Nora.

Ruth Staurheim styremedlem, og Kjersti Moen sekretær, gjekk ut av styret, overekt blomar for innsatsen.

Deretter servering  av rommegraut og spekemat, kaffi og kaker. Loddsal.

Eit fint og nyttig årsmøte var til ende, alle vel heim.

 

Bjørg Idland                             Kjersti Moen                                Silje Hegnastykket