Ja, til norske grønnsaker.
Mandag 16. oktober. FN sin matvaredag.
Over 100 Bygdekvinnelag i heile landet, dela ut grønnsaker utanfor sin matvarebutikk. Bø Bygdekvinnelag var på plass ved Bø-senteret. Det var laga to kjelar med grønnsaksuppe til utdeling, samt 60 poser med grønnsaker til dei som ville ha ingredienser til eigen suppe heime. Det var stor interessse, mange møtte fram, og ein del ungdommar/studentar. Det vart mange spørsmål, bygdekvinnene dela gjerne ut informasjon og veiledning for dei som ville bruke meir grønnsaker dagleg. Det vart og dela ut kvar sin pose med grønnsaker til ordførar Olav Kasland og Ass. rådmann Terje Killi. Flott innsats av Bø Bygdekvinnelag ved Liv Birgit Ulvenes, Ruth Staurheim, Inga Haugland, Ragnhild Forberg og Bjørg Andresen.