Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Apr
29
Tue

Bokprat; Odelsskam - å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar

Peraløo
https://checkout.ebillett.no/169/events/90593/purchase

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fitjar Bygdekvinnelag, Bømlo og Stord Småbrukarlag og Stord Mållag. Bygdekvinnelaget byr på noko å bita i. Vel møtt til bokprat i Peraløo!

«For kvart år som går tek eg eit steg lengre unna det eg ein gong var ein del av» skriv Maria Lavik i si nye bok Odelskam. Lavik vaks opp på eit småbruk på Vestlandet, men flytta ut som 16-åring. Vekk frå store avstandar, sauesanking og eit tun med fleire generasjonar. No bur ho i Oslo. Burde ho flytta heim att og ta over garden? Ho fortel om retten og plikta som riv i ho. Er den eigentlege kunsten å gje slepp på det ein arvar?

Dette og mykje meir vert tematisert i bokpraten med Mara Lavik, som vil lesa frå og snakka om boka Odelsskam. Bokpraten vert leia av nestleiar i Stord mållag, Kirsti Aksnes, som er oppvaksen på gard, men som er lærar og på ingen måte er bonde. Med i samtalen er også bonde Sigrid Fangel, som driv eit småbruk på Fitjar.

Inngangspengar:
200,- (ordinær)
150,- (student eller medlem av Stord Mållag, Bygdekvinnelaget eller Småbrukarlaget).

Kan betalast med vipps i døra, eller førehandsbestillast:
Her er billettlenke: https://checkout.ebillett.no/169/events/90593/purchase
Kode for medlemar: 20251