Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Aug
27
Tue

Tur til Hardanger

Avreise frå Fitjar Bedehus
-
Påmeldingsfreist 6.august

Ver med Fitjar Bygdekvinnelag på tur til Hardanger i august.

Tysdag 27. august 2024.
Turen er organisert av Knapphus Buss.

Me startar kl. 08.00 frå Fitjar Bedehus, og set kursen med reiseleiar/guide mot Åkrafjorden og Hardanger. Det vert korte stopp for beinstrekk undervegs. F.eks ved Langfoss.

Framme i Odda så køyrer me på vestsida av Sørfjorden. Her skal me vitje Agatunet og få ei omvisning. Agatunet er eit unikt kulturminne, eit autentisk og freda klyngetun – som ligg vakkert til mellom fjord, fjell og frukttre. Her står husa og forteljingane tett.
På Aga blir det også servert ein enkel lunch i bussen, eller dersom været tillet det på ein lageleg stad langs vegen.
Etter at me er ferdige på Agatunet går turen videre til Aga Sideri. Aga Sideri produserer eplesider og juice av høg kvalitet. Aga Sideri vart etablert i 2018 av Joar Aga. På Garden bur Joar saman med familien sin omringa av bratte bakkar og store epleteigar. På få år har Joar blitt ein av dei største og mestseljande siderprodusentane i landet.
Fulle av inntrykk og gode opplevingar set me kursen mot Odda. Her blir det ein lengre stopp der deltakerane får høve til å utforske Odda sentrum, gågata med mange flotte butikkar, til dømes «Ferskvaren» og «Tut og kjør» som sel gardsmat, lefser m.m.
Ein kan besøkje Smelteverkstomta, eit freda kulturminne frå Odda si rike industrihistorie som varte frå 1908 til 2002.
I Odda skal me også ete middag.
Etter ein god middag set me kursen mot Fitjar.
Det blir ein stopp på Åkrafjordtunet. Her vitjar me den flotte butikken som har masse lokalproduserte matvarer.
Prisen inkuderer:       
• Busstransport
 • Guide på heile turen
• Besøk på Agatunet
 • Enkel lunch
• Sidersmaking på Aga Sideri
• Middag i Odda
 Kr.1200,- pr. person

 

Me reknar med å vere tilbake klokka 18:00.

Me håpar programmet fanger interessen dykkar og håper å sjå deg på tur.

Turen er open for alle. Ta med ektemake, venn og venninne.

PÅMELDING innan 6. august til:
Solfrid Sandvik tel: 480 21 668
eller Anne Marie Røed : 924 66 405
Eller mail til: ingebjorg.sorfonn@haugnett.no