Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Aktivitetsdag for barna i vinterferien

Fuglekassar, fugleføredrag, fuglepynt og fuglemat - noko for ein kvar smak!

LilliAnn, Gerd og Linn Helen stilte med fuglefrø, feitt og havregryn. Ungane fekk laga seg ein kopp med fuglemat dei kunne ta med seg heim til svoltne våryre fuglar i hage og i li.

Alle fuglar små dei er, kjem no attende!

Elles fyltest kulturhuset med lyd av banking og skruing av fuglekasse, lyd frå symaskin og filtfuglelaging, flittige barn og lukta av maling på dorullfuglar. Eit kjekt tilbod til barna no i vinterferien.

Takk for samarbeidet og invitasjon frå Fitjar Frivilligsentral 😁