Årets TUR- ei lita påminning
Hurra!
Kan melda om at det er heile 46 personar påmeldt til årets TUR!
Både medlemmer, og ikkje-medlemmer av Bygdekvinnelaget. Her er alle like velkomne, og kanskje me kan rekrutera nokon på vegen?
Det er enno nokre plasser att, så sit du på gjerdet og ikkje heilt har bestemt deg enno; no er tida for å hoppe i det👌
Til deg som skal på tur; hugs at bussen går frå parkeringa ved Bedehuset på slaget 08:00, så me rådar deg til å vera på plass i god tid slik at alle er ombord og har bilbelte på kl 08:00.
God tur alle saman❤️