Årets TUR til Nordhordland
Torsdag 26.august 2025
Turen denne somaren gjekk til Vestnorsk utvandringssenter på Radøy, og til Lyngheisenteret på Lygra.
Torsdag 26.august fylte me bussen på parkeringsplassen ved bedehuset. Me var 47 personar inkludert sjåføren.
Anne Marie ynskte oss velkomen, stemninga var god og været var fint. Ferjeturen over til Halhjem i finvêr er alltid ei god oppleving.
Me nærma oss Bergen, og då me passerte Nordhordlansbrua fekk me god orientering av Halvard Wiik. Han fortalde kor dei foskjellige plassane var.
Etter kvart som me nærma oss utvandringssenteret, trong bussåføren halda tunga beint i munnen. Det var smale og tronge vegar for den store bussen.
Det er imponerande kva dei har fått til på dette senteret. Og det er så viktig å ta vare på historien om denne perioden i norsk-amerikansk historie. Kyrkja der, har fått flytta frå Nord Dakota. Me fekk sjå film frå det arbeidet. Elles mange små hus; apotek, rådhus, fengsel og skulestova.
Me køyrde vidare til Lyngheisenteret. Vegen var enno smalare, men bussjåføren meistra oppgåva.
På Lyngheisenteret gjekk me rett til bords. Det var god villsausuppe med flatbrød og godt smør, deretter kaffi og lefser.
Etterpå såg me ein film om eit syskenpar som var i åttiåra. Dei levde enkelt og kunne kunsten å brenna lyng. Det gjeld å halda lyngheiane ved like, så det ikkje veks over. Sauene held landskapet i hevd.
Det var ei fin utstilling av ullvarer i underetasjen. Ull frå ulike delar av verda.
Så måtte me skunda oss litt på slutten. Turen heim var også koseleg. Solfrid og Ingebjørg delte gode historier med oss. Me var heile litt før planlagd tid. Bussjåføren takka for oppdraget, og Anne Marie skrytte av forsamlinga på bussen.
Takk til turnemnda for ein solid jobb med planlegging av turen!
-referent Marie