Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Bli med på tur til Gloppen Hotell på Sandane 8-10.september 2026

Bli med på tur til Gloppen Hotell i Sandane 8-10. september 2026. 

Påmelding har starta, her er førebels program;

Avreisedag tysdag 8. september

Avreise med Knapphus buss fra Fitjar bedehus klokka 07.45.

Turen går til Førde, via Hyen til Sandane. Lunsjpakke undervegs.

Innskjekking på Gloppen hotell.

Gloppen hotell er eit historisk hotell fra 1866, med lange tradisjoner og heimelaga mat.

Middagsbuffet.

 

Onsdag 9.sept: Frukost.

Avreise til Tine Meieri på Byrkjelo. Orientering/omvisning.

Tur til Myklebustdalen, den vakre dalen der Ingebjørg er  frå. Kort besøk i røykstova på garden i Sandal. Evt besøk hos Bakarjon på Byrkjelo, tradisjonsrik familiebedrift som sel lokalmat. 

2 retters lunsj på hotellet.

Besøk på det nye visningssenteret for Holvikejekta på Sandane. Er den einaste store opne klinkbygde jekta som fins. Blir kalla "Sjøens stavkyrkje". 

Evt kort sightseengtur med bussen, evt besøk på gardsmatutsal,

Turforslag til fots; Handletur, spaserturar. Dagsturhytta, Eventyrskogen, Holvikefossen. 

3 retters middag på hotellet. 

Heimreise dag torsdag 10.september:

Frukost. Utskjekking, betaling for mat og opphald. Avreise til Jølster.

Omvisning i Astruotunet i Jølster som var Nicolai Astrup (1880-1928) sin heim.

I Jølster fann han motiv til sine mange meisterverk.

 

Pris på hotellovernatting med mat:

Pris pr. person for to overnattingar i dobbeltrom med frukost, 2.retters middagsbuffet, 2-retters lunsj og 3-retters middag. Totalt kr. 3525,- 

Pris for EIN person i 2 netters enkeltrom og  mat som nevnt over: kr. 4725,- 

Du kan avbestille gratis innan dagen før ankomst. 

Tillegg: Bussreisa med lunsjpakke og museumsinngang: ca 1200,- pr. person.

 

Påmelding til Solfrid Sandvik  : 480 21 668

Medlemmar av Fitjar bygdekvinnelag får reduksjon på prisen fra lokallaget med kr. 500,- Dei som ikkje er medlem må betale full pris.

Det kjem eksakt opplysningar om turen etter kvart.

Håper du blir med på turen. 

Helsing turnemnda Anne Marie Røed, Solfrid Sandvik og Ingebjørg Sørfonn