Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Bokprat; Odelsskam

29.april deltok Fitjar Bygdekvinnelag på bokprat skipa av Stord Mållag.

Me fekk tidleg spørsmål om me ville vera med, om me kunne laga noko kaffimat til dette arrangementet. Såklart me kunne det! Er det noko damene i laget er gode på, er det å sveipa saman noko godt.

Stord Mållag inviterte til Bokprat i Peraløo, der Maria Lavik las frå boka si Odelsskam. I den set ho ord på eit høgst aktuelt tema. Eit tema som berører mange familiar, og som også er kastar ljos over eit politisk tema.

Det vart prat og høgtlesing, kaffi- og kakepause, boksal og engasjement.

 

Tusen takk for samarbeidet, Stord Mållag!
Og tusen takk for ein fin, tankevekkande kveld.