BygdekvinneTreff 31.mars; ysting!
Tema for kvelden; ysting, og korleis dette kan gjerast enkelt heima på ditt eige kjøken.
Me var så heldige å få besøk av Tone frå Hogste Gardsmat. Ho heldt eit inspirerande innlegg om ysting, og korleis dette lett kan gjerast heima. Me fekk smaka på deilig Hallomi-ost, denne var steikt og vart servert på flatbrød. Elles vart det ståande buffet kring både yoghurt, brunost og det nyaste prosjektet hennar; blåmuggost.
Elles var kvelden full av god stemning. Anne Marie fortalde livleg om kvinnesak og engasjement i bygdene, der kvinnene har vore arbeidsfolk i all den tid.
Svanhild las dikt "til kvinne er vi født" av Inger Hagerup.
Kjellfrid spela fint piano til allsong "alle fugler".
Kvelden vart avslutta på kjend vis, med nista, kaffiprat og utlodding av spanande gåver.
Takk for treffet - og velkomen att de som ikkje enno er medlemmer, men som fann dykkar mon i å dela denne kvelden med oss.