Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

BygdekvinneTreff 3.mars

Bygdekvinnene samlast til treff med song og quiz måndag 3.mars i Peraløo

Me starta kvelden med å synga litt, for å komma i vårstemning - "Sov du vesle spireung". 

Vidare hadde Gerd ord for dagen. Ho minna oss på at me må våga å velja ljoset, og hugsa på kva me gjev fokus; ljoset eller mørket.

Kjellfrid las referat frå førre treff.

Linn Helen las opp lagssaker. Me vart einige om at sia 1.klassehuene klør, endrar me prosjekt - det er ynskjeleg at me strikkar sitteunderlag. Dette hiv me oss rundt med.
Elles har me fått spørsmål frå Tysnes Bygdekvinnelag om me vil vera med dei på ei utflukt til ein staudehage på Almås, evt eta noko middag saman på ettermiddagen - det får me til! Meir informasjon kjem etterkvart.
Hilde og Haldis var representantane våre på årsmøtet til Hordaland Bygdekvinnelag. Me håpar dei kan sei noko om dette på neste treff.
Informasjon om neste BygdekvinneTreff; tema for kvelden vert ysting, me gler oss!

Denne kvelden var me så heldige å ha vår eigen pianist til stades, slik at allsongen vart klokkeklar i både takt og tone - tusen takk for at du kunne spela for oss Benedicte!

Damene delte seg i tre lag, og alle var ivrige på å løysa både godteri-quiz og kode-quiz. Tankane måtte ikkje la seg avgrensa då den siste vesle nøtta skulle løysast - nemlig å teikna strekar gjennom nokre prikkar. Det vart mange kreative løysingar.

Vinnarlaget mottok ei korg som inneheldt omlag alle svara i godteri-quizen og dei dela søsterleg seg imellom.

Innimellom tankeverksemda, tok me tenkepause og song litt frå songheftet styret laga til for kvelden. Tonane var høge og klåre, og ei lyst for øyra.

Kvelden vart avslutta med pizza til alle, utlodding av gåver og takk for no.