Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

BygdekvinneTreff og Surdeig

Me inviterte til BygdekvinneTreff med Surdeig som tema, 30.september i Peraløo.

Det er noko med desse samlingspunkta. Stemningen. Varmen. Samhaldet.

Den 30.september møttest me att i Peraløo sin lune atmosfære. Tema for kvelden var Surdeig, og det var ekstra stas at nokre BygdeKvinner utanom laget kom for å verta inspirert.

Bente Hovstad frå Bakeri Roleghaugen, Leirvik, stod for inspirerande føredrag om urkorn, surdeig og surdeig som helsefremjande middel. Alle lytta med iver, på kunnskap formidla med hjarta og sjel. Me vart så gripne og inspirerte alle saman, at fotografen heilt gløymde å ta bilete. Eg fekk lura meg til ein nymotens selfie, og då takkegåva vart levert til Bente i bakeriet sitt, fekk eg tatt nokre bilete derifrå.

Me fekk steikja nordlandskaker med ulike mjølsortar, smaka nysteikt surdeisbrød med godt smør på, og jammen meg var me fleire som fekk med seg heim ein aktiv og sprudlande surdeisstarter også.

Tusen takk for alle som møtte, og tusen takk for føredraget, Bente! No er me mange damer på Fitjar som eksperimenterer med surdeig i baksten sin framover.