Då nærmar det seg TUR! Oppdatert informasjon
Bli med Fitjar Bygdekvinnelag på tur til Gloppen Hotell på Sandane 8. – 10. september 2026. Turen er open for alle. Redusert pris for medlemmer i Bygdekvinnelaget.
Program:
*Avreisedag tysdag 8. sept.
Avreise med Knapphus Buss frå Fitjar bedehus klokka 07:45. Det er toalett i bussen.
Turen går til Førde, via Hyen til Sandane. Lunsjpakke undervegs. Innsjekking på Gloppen Hotell som er eit historisk hotell frå 1866, med lange tradisjonar og heimelaga mat. 2 retters middag på buffet. Turforslag for dei som vil: Dagsturhytta, Eventyrskogen, Holvikefossen.
*Onsdag 9. sept:
Tur til Myklebustdalen, der Ingebjørg er frå. Kort besøk i røykstova på garden i Sandal. Evt besøk hos Bakarjon på Byrkjelo, tradisjonsrik familiebedrift som sel lokalmat.2 retters lunsj på hotellet
Besøk på det nye visningssenteret for Holvikejekta på Sandane. Er den einaste store opne klinkbygde jekta som fins. Blir kalla «Sjøens stavkyrkje».
3 retters middag om kvelden på hotellet.
*Heimreisedag torsdag 10. sept:
Frukost. Utsjekking, betaling for mat og opphald. Avreise til Jølster. Omvisning i Astruptunet i Jølster, som var Nikolai Astrup (1880-1928) sin heim. I Jølster fann han motiv til sine mange meisterverk. Utstillinga i år heiter «Ein kreativ heim». Frå Jølster reiser vi via Førde og heimover.
Prisar på hotellovernatting med mat:
Pris pr. person for to overnattingar i dobbeltrom med frukost , 2-retters middagsbuffet, 2-retters lunsj og 3-retters middag. Totalt kr. 3525,- Pris for EIN person i 2 netter i enkeltrom og mat som nemnt over: kr. 4725,-
Du kan avbestille gratis på hotellet innan klokka 15 dagen før ankomst. (57 86 53 33)
Kvar deltakar betaler ved utsjekk for opphald, mat og drikke.
Tillegg: Bussreisa med lunsjpakke og museumsinngang: ca kr. 1200,- pr. person.
Påmelding til Solfrid Sandvik : 480 21 668. Vi sender påmeldingsliste med namn til hotellet, dobbelt eller enkeltrom etter dykkar ynskje.
NB! Evt. avbestilling må også straks meldast til Solfrid. Betalingsinformasjon for bussreisa og museumsinngang blir utdelt på bussen. Prisen er avhengig av kor mange som blir med.
Medlemmer av Fitjar Bygdekvinnelag får prisreduksjon frå lokallaget med kr. 500,-
Håpar du blir med på turen!
Helsing turnemnda Anne Marie Røed, Solfrid Sandvik og Ingebjørg Sandal Sørfonn