Damer frå Fitjar Bygdekvinnelag var med på avduking av "Fiskarbondekona"
Kløktige damer frå Fitjar Bygdekvinnelag laga potetekaker til avdukinga av "Fiskarbondekona", på Skumsnes.
Osterneset grendalag inviterte oss til å laga noko godt å bita i, då dei skulle avduka den flotte treskulpturen "Fiskarbondekona" på Vartongen på Skumsnes, sundag 5.mai.
Flittige damer samarbeidde om å laga potetekaker til arrangementet, og i samla flokk gjekk dei ut til dit avduking fann stad. Der vart det tale av sjølvaste ordføreren, gyldne tonar av Osternes mannskor og loddtrekning av kven som vart den heldige "avdukaren ".
Lubbesild og potetekaker vart nytt i fint, men overskya, vårvær.
Takk for invitasjonen, og samarbeidet!