Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Feiring av frigjeringsdagen

Den årlige feiringa av frigjeringsdagen på Havnahuset 7.mai

Fitjar Bygdekvinnelag skipa til frigjeringsfeiring for dei eldre på Havnahuset 7.mai. Dei var alle samde i at 7.mai var ein like god dag å feira på, då dei som hadde radio på den tida høyrde bod om Tyskland sin kapitulasjon allereie ettermiddagen den 7.mai. 

Det vart lese lokale historier frå opplevinga frå dei siste dagane av krigen, me song om vår og fedrelandet, og Harald Rydland heldt eit lite kåseri på vegne av dåtid og notid.

Dei tre borna som var med, syns no helst tida gjekk seint og det var mykje tyt, men då lefser, pannekaker, bløtkake og saft kom på bordet var det heile gløymd. Dei eldre passa på å senda pannekaker deira veg😅

Elles var det hyggeleg prat kring borda, klirring i kaffikoppar og varme smil.

Takk for ettermiddagen saman med dykk, og takk til flinke lagsdamer som laga til ein slik varm atmosfære for oss alle. Ungane var jamt samde i at det var dei beste pannekakene dei har ete!