Fest for konfirmantane
Flinke damer frå Fitjar Bygdekvinnelag vart invitert til å feira våren sine konfirmantar.
I løpet av konfirmasjonsåret, har bakekyndige damer frå laget tatt oppgava med å laga lunsj til konfirmantane dei dagane dei har hatt undervising. Dei har stått på og laga ferske rundstykker, og ungdommane har kome til duk og dekka bord - til stor glede etter ein lang skuledag.
Samvær på tvers av generasjonar er noko både dei yngre og dei eldre set stor pris på. Det har vore utveksling av tankar og idear, og dei har hatt mykje "lått og løye" saman.
Me takkar for samarbeidet med kyrkja og konfirmantane, og set pris på invitasjon til å feira dei flotte ungdommane skikkelig før dei vert konfirmantar "på ekte" i helga. Gratulera med dagen!